søndag 20. september 2009

Prinsessa av Burundi


Me har høyrd ein forteljing om prinsessa av Burundi. Handlinga tek plass i den vesle norske bygda, Odda, kor vi vert teken inn i Mai Britts liv. Mai Britt er ei svært overvektig dame som følar seg svært einsam og feit. Ho går under kallenamnet ”Prinsessa av Burundi” fordi ho et all mat og godteri ho kjem i nærleiken av. Det seiast at ho et for å drukne sitt dårlege sjølvbilete.


Eg må også nemne at det finnast ein fisk med same namn. Denne fisken, Prinsessa av Burundi, et til den døyr.


Ein dag møter Prinsessa Adam Bodo frå Bosnia og dei kjem i god kontakt med kvarandre. Adam blir utruleg forelska i Prinsessa av Burundi, men ho gjorde det da brått slut fordi ho følte at dei levde på ein løgn når han fortalde henne kor vakker ho var. Ho viste godt sjølve at ho var den styggaste og feitaste i heile Odda. Prinsessa tok til å ete kraftig igjen.

Stakkar Adam skjønte ingenting og gjorde desperate forsøk på å kome i kontakt med hennar igjen. Han skrev lange kjærleiksbrev, sendte romantiske presangar, og ringde inn søte meldingar på telefonsvararen hennar. Ingenting hjelpte.

Adam Bodor var liten og slank som ein fyrstikk. Han visste ikkje lenger råd om kva han skule gjere for å vinne hjartet til Prinsessa av Burundi. Plutselig fekk han den ”smarte” ideen om å ete seg like tjukk som ho for å bevise at han elska ho. Adam tok til å ete og ete og fekk med tida problema med å gjere dagligdagse ting. Til slutt blei Adam Bodor så tjukk at han vart sendt på sjukehus med urytmisk hjartefunksjon, pustevanskar og høgt blodtrykk.

Med tida vart Adam seg sjølve igjen og Prinsessa av Burundi ringte og fortalde kor glad ho var for at han var på beina igjen. Ho inviterte han til middag, noko han takka gladelig for. Dei koste og hygga seg heile kvelden og slik historia enda, høyrast det også ut som at Adam Bodor vart hos Prinsessa av Burundi over natta og.

Dette er ein historia me kan lære mykje av. Den seier noko om kor mykje det betyr for ein person kva andre trur om den. Alle menneska i Odda trudde stygt om Prinsessa, så derfor trudde ho også stygt om seg sjølve og handla utifrå det.

Moralen i ”Prinsessa av Burundi må være at da er ikkje utsjånaden som teller, men kva du har på innsida.

1 kommentar:

  1. Hei!

    Beklagar at eg ikkje har kommentert innlegget ditt før nå, Gøril!

    Du skriv fint om "Prinsessa av Burundi", synest eg, og det er flott å sjå at du skriv så langt. Eg er einig i det du skriv om temaet og at me kan lære mykje av ei historie som denne. Språket fungerer og fint, men du har jo nokon feil her som eg ikkje synest noko om. T.d. skriv du "være", og "ein forteljing" er det vel ikkje!? Sjå også på ord som "finnast" og "ein historie".

    Bjørnar

    SvarSlett