torsdag 7. januar 2010

Smeden og Bakeren



Teksten handlar om smeden og bakaren som begge budde i den same byen. Dei er ikkje særlig gode vennar og ein dag enda det i slagsmål. Smeden slår i hel bakaren og ender sjølve opp i arresten. I retten blir han dømt til dauden før fire av byens innbyggarar kjem inn og protesterer. Dei seier at byen har to bakarar, men berre ein smed. Heile landsbygda trengde denne smeden, så kanskje ein kunne drep ein bakar i staden for den nyttige smeden? Av denne grunnen velde dei å drepe den eldste av dei to bakarane i steden for den skyldige smeden.

Sjølv synast eg ikkje noko særlig om teksten. Han var absolutt oppsiktsvekkande grunna si moral, ”Beredt til døden alltid vær! Den kommer når du minst tenker den nær.” dauden kan kome når som helst, men det er faktisk ikkje noko man skal tenkje for mykje på.
Eg synast også teksten var noko tung å lese med gammalt språk og humor.

1 kommentar:

  1. Du svarar godt, Gøril! Hugs at teksten til Wessel var meint for å kritiserer, provosere og underhalde, det er ikkje forfattarens syn på korleis eit samfunn skal vere som nødvendigvis kjem fram her. Språket fungerer godt, men kva gjør vi med verbet "å synast". Korleis skal me bøye det?

    Bjørnar

    SvarSlett